Dobbeltgjenger på Borealis

Fredag 21.03 kl19.30 er det utstillingsopning på Bergen Kunsthall av Asbjørn Flø sin lydinstallasjon Dobbeltgjenger under Borealisfestivalen i Bergen som er frå 19.-23.mars. Dobbeltgjenger vil stå til og med 30.mars.

I Asbjørn Blokkum Flø sin lydinstallasjon blir ein romleg akse i Bergen Kunsthall sin arkitektur nytta. Kunsthallen sitt største utstillingsrom vert spegla av kafeen Landmark. I Flø sitt verk blir lyden transportert frå Landmark og over til utstillingsrommet, og knyt saman dei to parallelle, men fysisk skilde romma. Tittelen referer til ideen om dobbeltgjengaren-  eit fenomen som har lang tradisjon både i skjønnlitteratur og folketru. I verket blir den den uorganiserte lyden flytta frå eit sosialt rom (Landmark) over til eit meir kontemplativt kunstrom. Her blir lyden frå Landmark presentert i ei bearbeida, analysert form ? som ein abstrahert, klangleg skuggeversjon av den verkelege verda. Lyden vert spela av gjennom ei gruppe store metallobjekt som er plassert i utstillingsrommet. Avhengig av aktiviteten på Landmark, vil metallflatene klinge på ulike måtar til ulike tider på dagen ? i eit kontinuerlig samspel med aktiviteten i kafeen ? og som eit klangleg bilete av dei handlingene som utpelar seg der.

Les meir om installasjonen på:

Installasjonen er ein del av KLANGKAMMER.

Bilete frå opninga

Opning2103

Foto: Jøran Rudi

Work- in -progress

_DSC2612

_DSC2595

 

_DSC2584

 

_DSC2569

Fotograf: Astrid Fredrickson Midtbø

Fleire av dei ansette ved Notam har vore involvert i arbeidet med installasjonen:

Elektronikkutvikling: Hans Wilmers
Programvareutvikling: Hans Wilmers, Asbjørn Blokkum Flø
Elektronikkproduksjon: Asbjørn Blokkum Flø, Thom Johansen, Henrik Sundt, Hans Wilmers

I samarbeid med Bergen Kunsthall og Lydgalleriet.
Støtta av Norsk kulturråd, Norsk musikkfond, NOTAM og Oslo Kommune.