LydMyren-Bolstad/1982/Holsen

På årets første LydMyrenkonsert har me gleda av å presentere Hilde Holsen solo og urframføring av i live,  av Kristin Bolstad for trioen 1982. Konserten er på Atelier Nord, ANX (NB! på Olaf Ryes Plass 2) onsdag den 22.januar kl20.00. Dørene opnar kl19.40 og inngang er kr100.

i live
? urframføring av Notam sitt bestillingsverk av Kristin Bolstad for trioen 1982.

Verket i live fokuserer på detaljane i eit lydbilete – alle knirk og knak, pust og stryk. Komponisten har jobba tett med 1982 og instrumenta deira for å få fram nettopp desse lydane; lyden av instrumenta i seg sjølv, og deira historie. Komponisten ynskjer med dette å zoome inn i lydbilete til trioen 1982, som frå før også er bevisste på desse detaljrikdomane i musikken sin. Ved å feste mikrofonar inni instrumenta, eller på andre litt uvanlege stader, får komponisten fram lyden av instrumentet i seg sjølv, for deretter å prosessere og behandle denne elektronisk. Resultatet blir eit verk beståande av trioen sin improviserte musikk og komponisten sitt nærblikk på detaljane i denne.

SONY DSCOm komponisten 

Kristin Bolstad er ein aktiv komponist som har bakgrunn frå Høgskolen i Volda (med Magnar Åm som veiledar), UiO og Norges Musikkhøgskole med Kjell Habbestad som lærar. Ho har tatt master med fokus på Intuitiv komposisjon og improvisasjon ved musikkvitskapeleg institutt ved Universitetet i Oslo, og har vidareutdanning i komposisjon frå Norges musikkhøgskole samt det eittårige studiet liveelektronikk frå same stad. Bolstad arbeider både med å skrive verk for ulike besetningar og med live elektroakustisk musikk i eigne prosjekt, der ho samplar stemme og diverse objekt som hun bearbeidar live. Bolstad sine verk er ofte konseptuelle og gjerne romspesifikke, og ofte med element av improvisasjon. Ho har mellom anna skrive verk for ein symjehall og for Emanuel Vigelands mausoleum. Bolstad arbeider for tida med verk for fleire karakteristiske akustiske rom. Musikken hennar har ofte lange klangflater, gjerne repetative og meditative, der behandlinga av tid er tolmodig og langstrakt, og ber i tillegg preg av hennar virke som songar ved sitt lyriske og melodiske uttrykk. Bolstad har komponert for utøvarar og ensemble som Jane Chapman (UK), Quatuor Bozzini (CA), Mira Benjamin (CA), Camilla Ediassen og Duo Hevans (NL/UK), og musikken hennar er blitt framført ulike stader i Noreg og i utlandet (Storbritannia, Spania, Canada og USA).

Om trioen 1982
Denne trioen har spela saman sidan 2007, og har ein unik sound med samansetjinga av instrument.

Nordic calmness to make you breathless
(Frankfurter Allgemeine)

Sigbjørn Apeland arbeider både med kyrkjemusikk og avant-garde. Medan han studerte orgel, tok han timar med den legendariske improvisasjonstrommeslagaren John Stevens. Hans solo harmonium album Glossolalia (Hubro Music) har fått strålande kritikkar internasjonalt. Han har også gitt ut ein duoalbum saman med folkesongar Berit Opheim, improvisert filmmusikk til stumfilmen Jeanne d’Arc, spela med elektronikaheltane Alog og gitt ut eit orgelstøy album. Nils Økland er internasjonalt anerkjent for sin forfriskande spelestil. Hans siste soloinnspeling (Monograph, ECM) har fått gode anmeldingar. Han var tidlegare medlem av Christian Wallumrød Ensemble, og spela inn to album med ensemblet for ECM. Øyvind Skarbø har studert med Terje Isungset i tillegg til studiereiser til Nigeria og Cuba. Han spelar med Håkon Kornstad, Per Jørgensen, og med Shahzad Ismaily og den islandske gitaristen Hilmar Jensson i Bly de blyant. Øyvind har drive festivalen Øyvind Jazzforum i Bergen, Norge sidan 2006.

A thouroghly compelling debut from a singularly unique combination of acoustic instruments
(All About Jazz)

HildeHolsenOm Hilde Marie Holsen
Hilde Marie Holsen tek master i utøvande musikkteknologi ved Norges Musikkhøgskule. Ho tek utgangspunkt i lydar frå trompeten sin,og endrar dei raskt til noko anna gjennom elektronikken. Slik improviserer ho fram nye lydar, teksturar og klangar i ulike lydlandskap.

Konsertserien og bestillingsverket er støtta av Norsk Kulturråd,  FFUK og Atelier Nord.