Lydmyren våren 2015

Konsertserien Lydmyren starta denne konsertvåren med Tine Surel solo den 15.januar, og vil fram mot sommaren presentere tre svært ulike musikalske uttrykk for publikum. Hold av datoane 19.februar, 15.mars og 29.mai!

19.februar blir det konsert med Sgrow. Denne duoen består av Vilde Nupen på vokal og Kristoffer Lislegaard på elektronikk og barytongitar . Dei har laga musikk saman sidan 2009, og gav ut sin debut EP «Sgrow» i mars 2013 og hausta strålande kritikkar! I ein sjanger som er ofte blir forbunde med elektronisk kulde klarar Sgrow å få tilføre ein noko nært og menneskeleg. Duoen er inspirert av elektronisk avantgardemusikk, atmosfærisk post-rock, mørke klubbsjangrar og fengande popmusikk. Tim Hecker, Four Tet og Björk er alle eksempel på inspirasjonskjelder.

Sgrow

15.mars spelar Tøyen fil og klafferi. Dette er ein trio med stor utforskartrong og et nært samarbeid med komponistar innafor et vidt spekter av sjangrar. Trioen består av Kristine Tjøgersen (klarinettar), Hanne Liland Rekdal (fløyter og fagott) og Eira Bjørnstad Foss (fiolin). Trioen ønskjer å appellere til fleire enn kjernepublikumet som oppsøker konsertar med ny musikk. Trioen ønskjer å vekke nysgjerrigheten og opna sinnet til dei som høyrer på gjennom ei upretensiøs tilnærming til musikken. Komponistar med ulik sjangerbakgrunn og musikalsk ståstad er blitt invitert til å skrive for ensemblet. Musikken blir framført på eit vidt spekter av konsertstader – alt frå små utestader, i kunstrom og på meir tradisjonelle konsertscenar.

filogklafferi

29.mai blir det konsert med Nicolas Bernier på Kunstnernes Hus. Bernier bur og arbeider i Montreal, Canada. Han er kjent for å lage lydførestillingar, installasjonar, musique concrète, liveelektronikk, post- rock, støyimprov og videokunst i tillegg til å arbeide med dans, teater og film. Felles for arbeida hans er samanhengen mellom det organiske og det prosesserte. Han vant i 2013 den presisjetunge Prix Arts Electronica for stykket frequencies (a) som er eitt av to stykker han skal framføre på Lydmyren i mai!

Bernier

 

 

Konsertserien er støtta av Norsk Kulturråd!

 

kulturraadet_sort_stor