Ultima Remake 2013

Notam samarbeider også i år med Ultimafestivalen på prosjektet Ultima Remake. I år er det operaen Le Grande Macabre av György Ligeti som er utgangspunktet for en lyd- og videoinstallasjon som skal presenteres på Den Norske Opera den 14.september! Lydscenograf Daniel Teige og komponist/ produsent Gyrid Nordal Kaldestad fra Notam arbeider for tiden med elever og lærere ved Bjørnholt Videregående skole om å lage denne. Publikum vil bli møtt av installsjonen på vei inn til operaen den 14.september – både ute og inne!

Prosjektleiar er Heloisa Amaral frå Ultimafestivalen har i samarbeid med lydscenograf Daniel Teige og produsent/ komponist Gyrid Nordal Kaldestad frå Notam utarbeida konseptet. Ideen med prosjektet er at elevar i den vidaregåande skulen skal lage eit nytt kunstverk (i dette tilfellet lyd -og videoinstallasjon) som ein «remake» av ein av konsertane/ oppsetjingane under Ultimafestivalen. Ideen er at elevane blir kjent med kunstverket på ein anna måte dersom dei får ei innføring i tida stykket vart skrive i- både politiske og kunstnarlege strømmingar i samtida. Prosjektet har difor alltid førelesningar om tida stykket er skrive i, kunstnarlege uttrykk gjennom histoira og korleis me kan lese eit kunstverk inn i vår tid.

I fjor arbeida elevar frå medielinja ved Elvebakken vidaregåande skule med ein remake av Luciano Berio sin Sinfonia 1st movement, medan det i år er György Ligeti sin opera Le Grande Macabre i komaniet Le Fura Baus si oppsetjing frå 2009 som står i fokus. Elevar frå andre året på medielinja ved Bjørnholt vidaregåande skule hadde 8 dagar intensiv verkstad med dei involverte kunstnarane Teige og Kaldestad samt  prosjektleiar Heloisa Amaral og lærarar  ved Bjørnholt Vidaregåande skule. Resultatet av verkstaden skal visast på operaen den 14.september kl16.30 i form av ein lyd- og videoinstallasjon.

Gjennomføring av verkstaden – Del I

Første del av verkstaden var i veke 34 og 35. Her vart elevane kjent med operaen, samtida operaen vart laga i, kva som inspirerte komponisten og me diskuterte tematikken i operaen med elevane. Elevane fekk også foredrag med scenograf Alfons Flores, omvisning på operaen samt eksklusivt besøk på scenen saman med scenografen der dei fekk studere operaens «Clauida» på nært hald. Scenografen hadde før dette snakka om konsktruksjonen av denne, samt korleis dei laga det avanserte videoarbeidet som er ein viktig del av det visuelle aspektet i operaen. Dei hadde også eit foredrag som fokuserte på lytting med komponisten Henrik Hellstenius. I desse to vekene arbeida studentane i fire grupper: Videovegg, videotårn, PR- gruppe og produksjonsgruppe. Videovegg og videotårgruppene utforma det kunstnarlege aspektet av installasjonen, PR-gruppa  arbeida med dokumentasjon av prosessen i form av video, foto og tekst, samt å selge inn førestilling og installasjon til ulike målgrupper. Produksjonsgruppa arbeida med å dokumentere verkstaden slik at andre kan bruke same eller liknanke modell i sitt eige arbeid. I denne fasen lærte elevane mykje om det å utarbeide konsept, tenke kunstnarleg produkt, praktisk arbeid med opptak av lyd og video samt redigering og det å samkøyre fleire produkt til ein større heilskap.

Gjennomføring av verkstaden- del II

Fredag 13.september og laurdag 14.september blir det bygging av modular og installering/ montering/ ferdigstilling i foajeen på Den norske opera i forkant av førestillinga Le Grande Macabre. Her får elevane sjå det ferdige resultatet og får vist produktet dei har laga til eit stort publikum.

Les og sjå bilete her

Synspunkt frå elevane i form av podcasts og videodokumentarar laga i verkstadvekene

Podcast – På bakrommet – Le Grande Macabre

Intervju – Den Norske Opera

Dokumentar – Om prosjektet